Finna stad er eit kunstnerisk rammeverk skapt av Tone Einelia og Petra Rahm. Gjennom deira prosjekt vil dei undersøkje kva som skjer i møta mellom kunst, stad og menneske. 7. desember inviterer dei i samarbeid med Hordaland kunstsenter til si fyrste temasamling om kunst og stad. Temasamlinga vil skje på Hordaland kunstsenter 7. desember kl. 18-20.
I den første samlinga vil dei ta utgangspunkt i to kunstprosjekt av Ingeborg Blom Andersskog som i 2016 blei invitert til å være ein del av stadutviklingsprosjektet Levande Lokale Lærdal, og se på korleis midlertidige kunstprosjekt kan ha eit potensial til å skapa felles undring og idear om oss sjølv, kvarandre og staden vår.
Gamle Lærdalsøyri er ein av Norges best bevarte trehusområde, lokalsamfunnet har ein sterk kjærleik og tilknyting til staden. Gamle historiske stader er vanskeleg å transformera. Ingen stiller seg likegyldig til og endringar kan mobilisera sterke kjensler. Korleis kan midlertidige kunstprosjekt løysa opp fastlåste tankemønster og mentale forestillingar om ein stad?
På Temasamlinga vil Ingeborg presentere sine prosjekt, og dette vil danne utgangspunktet for ein samtale om korleis vi kan aktualisert ein stad, og om krafta i det midlertidige.