Mellom himmel & hav VII: Uvissas tilstand/ Between Sky & Sea VII: Flying Blind

To av medlemmene til Bergen Ateliergruppe er med i organisasjonsteamet for festivalen: Marit Tunestveit Dyre som medlem av Performance Art Bergen og formidlingsansvarlig for arrangementet, og Sabine Popp som en av drivkreftene bak Longva kunstnarresidens og en av tilretteleggerne (sammen med Terese Longva og Rita Marhaug).

Mellom himmel & hav VII: Uvissas tilstand/ Between Sky & Sea VII: Flying Blind er eit arrangement der sju nasjonale og internasjonale kunstnarar, er invitert til å utvikle kunstverk i tida mellom 26.august og 8.september 2025 på Nordøyane nær Ålesund. Utfordringa gitt dei er å forme svar på affektive møte i natur- og kulturlandskapet med performance som uttrykk.

Uvissas tilstand/ Flying Blind utforskar om der er særlege deler av materien eller einskilde plassar som verkar inn på oss gjennom det vi sansar; og som vi kallar «privilegerte punkt». Om dette stemmer, kva for implikasjonar kan slike «privilegerte punkt» i landskapet ha for utviklinga av sosiale fellesskap? Kan vi sjå føre oss at slike kollektive opplevingar, i ein utforskande prosess med kunstnargruppa eller i lag med publikum, kan opne opp nye måtar å sjå samfunna våre på, frå det lokale til det planetariske?

Prosjektet samlar fleire perspektiv frå ulike fagfelt for å undersøkje tema for hendinga i år: Uvissas tilstand/ Flying Blind. Deltakargruppa tek del i turar i eit landskap prega av særeigen geologi og kulturelle spor av ulike tider, førelesningar og kritiske samtaler. I arbeidsperioden er kunstnarar, forskarar og lokale ekspertar saman. Dei inviterte førelesarane er: arkeolog Trond Lødøen (UiB), samfunnsvitar Harald Dyrkorn og kunstnar/forskar Michelle Teran. Kunstner/kurator/skribent Sissel Lillebostad er invitert som vitne og bidragsytar i samtalane.

Laurdag 6.september, frå kl.14, visar kunstnarane resultata i eit program for publikum. Dagen rundar av med fellesmiddag for kunstnarar og publikum på Longva kunstnarresidens.

Dei inviterte kunstnarane er: Signe Lidén (NO), Elin Sundström (SE), Bent Erik Myrvoll (NO), Marita Isobel Solberg (NO), Ian Nesbitt (UK), Anne-Marte Eidseth Rygh (NO) og Kamile Pikelyte (LT).

Mellom himmel & hav/ Between Sky & Sea er eit internasjonalt performance-initiativ som finn stad kvart tredje år på ulike norske øyer i regi av Performance Art Bergen. Festivalen feirar i år 20 år. Det er andre gong hendinga skjer på Skuløy/Flemsøy med Longva kunstnarresidens som samarbeidspartnar, produsent og arrangør.

Organisjonsteamet består av kunstnarane: Terese Longva, Rita Marhaug, Sabine Popp, Lillian Bjørdal, Malene Pedersen, Marit Tunestveit Dyre og Henrik Koppen. Dokumentasjon: Mateo Christensen og Nayara Leite

*Longva kunstnarresidens (Longva AIR) er ein internasjonal kunstarena under utvikling for profesjonelle kunstnarar, skribentar og andre med band til samtidskunstfeltet. Hovudmålet er å styrkje den profesjonelle infrastrukturen for kunst i regionen.

**Performance Art Bergen (PAB) er ein medlemsorganisasjon for kunstnarar som arbeider lokalt, nasjonalt og internasjonalt med mål om å styrkje og synliggjere performancekunst. Dette skjer gjennom å arrangere faglege fora, workshops, festivalar og kunstnarutvekslingar.

www.nordoyane.no
www.performanceartbergen.no
www.betweenskyandsea.com

Finna stad

Kva rolle kan kunsten spele i utviklinga av samfunnet rundt oss? Og kva skjer når kunstnarar ikkje berre blir inviterte inn for å «pynte opp»,

Read More

Vesener på Slettebakken

Kode Kunstsatellitten, Sletten senter, 9-31. mai 2026 Har du sett de magiske vesenene som har dukket opp på Sletten? På stier og gater mellom blokkene

Read More

Booklaunch: Kjære nabo

Hordaland Kunstsenter is launching the first publication in the series Kjære nabo, with art projects by Mariana Murcia with Juan Pablo Pacheco Bejarano and Sarah

Read More

Do More Art PRINT

Imi Maufe has work included in this publication: Do More Art PRINT published by Laurence King https://www.laurenceking.com/products/print?_pos=1&_sid=5a66f961e&_ss=r

Read More

Sammenkomst i Jiennagoathi

Torsdag, 11.desember ble det avholdt en avsluttende samling etter to interdisciplinære workshops 2024 og 25 i Sápmi, initiert av Nancy Couling ved Bergen arkitekthøyskole. Sabine

Read More

4/4 BAG lunsj 2025

Fire ganger i året inviterer Bergen Ateliergruppe til frokost/lunsj rundt vårt langbord i Havnelageret på Dokken. Fredag 5 desember var vi 9 stykker rundt bordet til

Read More

Langsiktighet i kortversjon

25.-26. november 2025 viste Jannecke Heien installasjon og en kortversjon av filmen Elastikk (2025, HD, 30min. + 14 min.) i gategalleriet Möbius Self Service Gallery. Containeren

Read More

Urawa Art Museum

Imi Maufe is part of At the Promised Place – Expanding Imagination Through Book Arts, an exhibition of British and Japanese artists books. 15. november

Read More