Finna stad

Kva rolle kan kunsten spele i utviklinga av samfunnet rundt oss? Og kva skjer når kunstnarar ikkje berre blir inviterte inn for å «pynte opp», men for å påverke korleis eit sted blir forstått, brukt og utvikla?

I den nye boka Finna stad. Metode. Eksempel undersøker kunstnarane Tone Einelia og Petra Rahm korleis kunst kan fungere som ein reell kraft i stadutvikling og demokratiske prosessar. Gjennom personlege tekstar, konkrete prosjekt og refleksjonar frå arbeid i lokalsamfunn over heile Vestland, løfter boka fram møtet mellom kunst, menneske og stad – og spør kva slags samfunn vi eigentleg ønskjer å bygge.

Finna stad er ei bok som utfordrar etablerte tankesett rundt kunst, samfunn og utvikling. Korleis kan kunst bidra til reell medverknad? Kven blir stadar utvikla for? Og kva går tapt når økonomiske drivkrefter får definere verdien av ein stad åleine?

Boka er formgitt av Rune Døli. Utgivinga er delt i to delar: ein eksempeldel med konkrete prosjekt, og ein metodedel som reflekterer kring kunstens rolle i stadutvikling og som gir praktiske inngangar til korleis slikt arbeid kan gjennomførast. Boka kan bli lesen frå begge sider, og inviterer lesaren til sjølv å velje inngang til stoffet gjennom anten eksempla eller metoden.

Les meir om boka her: https://skald.no/bøker/alle/finna-stad/

Trykk NÅ! / Print NOW!

Imi Maufe is part of the TRYKK NÅ exhibition at Landeskogen Kunstsanitorium 1 October – 29 November 2026 Landeskogen Kunstsanitorium Landeskogenveien 86 4742 Grendi https://landeskogen.com/en/event/print-now/

Read More

Oppfinnelse av fjerne landskap

Jannecke Heien deltar i gruppeutstillingen Moments of Blackout i KRAFT visningsrom på Vågsalmenning 2.10.-20.12.26. Bidraget er basert på en praktisk diskusjonsworkshop samme sted 5. september

Read More

Sotrasambandet – Randsoner

I forbindelse med B-open har Bergen Ateliergruppe invitert Guttorm Glomsås til å stille ut på prosjektrommet, samtidig med at våre atelier står åpne. Se her

Read More

Vevring exhibition

Imi Maufe is part of this year’s Vevring exhibition weekend 18. – 20. september 2026 Vevring i Naustdal, Sunnfjord kommune, Vestland, Norway https://vevringutstillinga.no/

Read More

Finna stad

Kva rolle kan kunsten spele i utviklinga av samfunnet rundt oss? Og kva skjer når kunstnarar ikkje berre blir inviterte inn for å «pynte opp»,

Read More

Vesener på Slettebakken

Kode Kunstsatellitten, Sletten senter, 9-31. mai 2026 Har du sett de magiske vesenene som har dukket opp på Sletten? På stier og gater mellom blokkene

Read More

Booklaunch: Kjære nabo

Hordaland Kunstsenter is launching the first publication in the series Kjære nabo, with art projects by Mariana Murcia with Juan Pablo Pacheco Bejarano and Sarah

Read More

Do More Art PRINT

Imi Maufe has work included in this publication: Do More Art PRINT published by Laurence King https://www.laurenceking.com/products/print?_pos=1&_sid=5a66f961e&_ss=r

Read More